'74 Jailbreak er ein EP av det australske rockebandetAC/DC, gitt ut i 1984. Han består av fem spor som tidlegare berre hadde vorte gitt ut i Australia. Trass i tittelen til EP-en vart songen «Jailbreak» faktisk spelt inn i 1976 og vart opphavleg gitt ut det året på den australske versjonen av albumet Dirty Deeds Done Dirt Cheap. Dei fire andre spora vart opphavleg gitt ut på den australske versjonen av debutalbumet til bandet, High Voltage, spelt inn i 1974 og gitt ut tidleg året etter.
Songen «Jailbreak» vart gitt ut som singel med tilhøyrande musikkvideo samtidig med EP-en. '74 Jailbreak vart gitt ut på nytt over heile verda i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.