«Night Prowler» er det avsluttande sporet på AC/DC-albumet Highway to Hell frå 1979. Han er kjend mellom andre AC/DC-songar for den langsame rytmen sin, den illevarslande teksten og kontroversar som følgje av at han er blitt assosiert med seriemorda til Richard Ramirez på midten av 1980-talet.
Produksjon
«Night Prowler» er ein hardrock-låt.[1] Han byrjar med to djupe andedrag i rask rekkjefølgje, som skal skapa ein tone av «frykt og avsky».[2] Songen blir avslutta med at vokalisten Bon Scott mumlar «Shazbot! Nanu nanu!», slagordet som vart brukt av Robin Williams i den populære situasjonskomi-serien Mork and Mindy'.[3]
«Night Stalker»-kontroversen
I juni 1985 starta ei svært omtalt drapssak rundt Richard Ramirez, som var ansvarleg for meir enn 15 brutale drap og dessutan valdtekter og drapsforsøk i Los Angeles. Ramírez fekk kallenamnet «Night Stalker» og var fan av AC/DC, spesielt songen «Night Prowler». Politiet hevda òg at Ramírez hadde på seg ei AC/DC-skjorte og lét etter seg ei AC/DC-hue på ein av åstadene. Under rettssaka ropte Ramírez «Hail Satan!» og viste fram pentagrammet som var rissa inn i handflata hans. Hendinga førte til ekstremt dårleg publisitet for bandet, og konsertane og albuma deira vart brått motarbeidd av foreldre i Los Angeles County.[4] I VH1-programmet Behind the Music om AC/DC hevda bandet at låten hadde fått ein mordarisk konnotasjon av Ramírez, men at han eigentleg handlar om ein gut som snik seg inn på soverommet til kjærasten sin om natta.
Medverkande
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
EP-ar | |
---|
Filmmusikkalbum | |
---|
Singlar | |
---|
Videoalbum | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|